Frå og med 06. januar 2025 vert det gjort endringar på næringsrutene i Voss, Eidfjord, Ulvik og Ullensvang. Årsaka til endringa er at me har fått fleire nye ruter som må passa inn i køyreplanen.
For oversikt over dine tømedagar, gå inn på kundeportalen.
Gjer det som ein regel at du set fram behaldarane dagen før du har tøming, slik at dei står klare når me kjem dagen etter.
Om du ikkje alt har ein brukarprofil for di verksemd der, kan du oppretta den ved å registrera deg på birbedriftas.my.site.com/Minside.
3. januar vil du finna kva tømedagar du har i kundeportalen. Vekene er markert med fargar, til dømes:
Blå uke onsdag – betyr onsdag i veke 5 og veke 9 – og så vidare.
Rød og gul uke mandag – betyr mandag annan kvar veke med tøming i veke 2 og veke 4 – og så vidare.
Frå og med 6. januar 2025 vert det fylgjande tømedagar, som hovedregel:
For at me skal få tømt dine behaldarar må den vera merka med brikke som vist på foto. Dersom behaldaren din manglar brikke, ver venleg å ta kontakt med oss.
Ruteendringane frå nyttår vil vera ei prøveordning, og det kan koma fleire endringar framover. Endringar vil vera synleg i kundeportalen før neste tøming.
Du kan også ta kontakt med kundesenteret til BIR Bedrift AS om du har spørsmål om ditt abonnement.
Me håpar ikkje at dette vil medføra ulemper for deg og di verksemd.
Om du har nokon spørsmål, kan du kontakte vårt kundesenter.
Kontaktinformasjon BIR Bedrift:
55 27 70 50